Senpai Hans Kristian Åsheim Havreberg tok 1. plass i lettvekt, det er det første gullet Norge har tatt i Swedish Open.

IMG 3970                                                       IMG 3971

 .

Den 22.September 2018 deltok Norges fullkontakt gjeng på den internasjonale konkurransen Swedish Open, som blei arrangert i Gøteborg, Sverige. Swedish Open er det største internasjonale konkurransen me har i Skandinavia, og blir arrangert annankvar år. Swedish Open har etter kvart fått eit godt rykte som drar dyktige deltakarar frå fleire land. I årets utgåve stilte det femti utøvarar frå elleve forskjellige land, fordelt utover fem forskjellige klasser. Tre av utøvarane blei sendt frå NKKO; Eivind Nærland, Beathe Hegerland og Hans Kristian Åsheim Havreberg, og frå NKO var det Janette johansen, Bjørn Eirik Orstad, Marlene Gregusson

Dei gjorde ein god figur under konkurransen, og fekk med seg fleire medaljar heim til Noreg.

Hans Kristian Åsheim Havreberg tok 1. plass lettvekt, som første noen gang frå Norge.

Eivind Nærland tok 3.plass i herrar tungvekt

Janette johansen, 3.plass lettvekt

Marlene Gregusson tok 3. plass tungvekt.

Bjørn Eirik Orstad, tapte kamp nummer 2, lett tungvekt

Beathe Hegerland tapte etter ein tøff og jamn første kampen i damer lettvekt

Norge har deltatt i Swedish Open fleire gangar tidelegare, men med årets resultat oppnådde Norge sitt beste resultat i Swedish Open nokon gang.